NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 25.04.2024 13:54


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Askeskotsjuke

Askeskotsjuke

Chalara fraxinea

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Venche Talgø, Trude Slørstad, Arild Sletten & Arne Stensvand
OPPDATERT:
Før november 2013

Gjennom prosjektet "Planter for norsk klima", der ein av aktivitetane er å fylgja skadebilete på buskar og tre i grøntanlegg, fann vi alt i 2006 tydelege visnesymptom på ask (Fraxinus excelsior). I slutten av april 2008 vart det tatt ut ein prøve med liknande symptom i Østfold. Frå denne prøven isolerte vi soppen Chalara fraxinea. Nedvisning av ask er eit stort problem i fleire europeiske land, inkludert våre naboland Sverige og Danmark. Ein reknar det no som truleg at askeskotsjuke skuldast C. fraxinea, men vidare forsking pågår i fleire europeiske land for sikkert å fastslå dette.

  • Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
  • Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
  • Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
  • Sporar av askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
  • Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
  • Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)

Symptom

Prøven vi isolerte C. fraxinea frå i 2008 hadde daude og delvis oppsprukne parti i barken (Fig. 1). Tverrsnitt av greinene (Fig. 2) syner omfattande skade i veden og litt misfarge i leiingsvevet. Vi isolerte soppen frå overgangen mellom sjukt og friskt vev like under barken (Fig. 3). Fig. 4 og 5 syner symptom frå visning av ask på Jessheim i 2006, men då var vi ikkje merksame på C. fraxinea. Det vart tatt ut nye prøvar på Jessheim 22. mai 2008, men dei er ikkje undersøkte enno.

Nedover i Europa daudar ofte små asketre heilt ned i planteskular. I ein planteskule vi besøkte nord for Hamburg i mai 2008, hadde 100% av asketrea visna ned. Større tre får tilbakevisning i krona. No når bladverket har kome på trea, er det lett (sjølv på avstand) å plukka ut tre med daude kvistar, men mykje av dette kan også skuldast til dømes frostskade.

I fylgje EPPO (European and Mediterranean Plant Protection Organization) er C. fraxinea funnen i Tyskland (Schumacher et al. 2007) og Polen (Kowalski 2006), men basert på symptom er sjukdomen også rapportert frå Austerrike, Danmark, Estland, Finland, Latvia, Litauen og Sverige (EPPO 2007). Så vidt vi kjenner til er soppen no også funnen i andre land enn Tyskland  og Polen, mellom anna Austerrike (Halmschlager og Kiristis 2008). Her i landet arbeider også Institutt for Skog og Landskap med problematikken:

http://www.skogoglandskap.no/nyheter/2008/askevisning

  

Biologi

Det er enno ikkje kjent korleis soppen har spreidd seg til så store område i Europa på relativt få år. Fig. 6 syner eit mikroskopbilete av eit preparat frå soppkulturen vi har på agar. I den smale enden av dei brune, flaskeforma utvekstane på sopptrådane vil det etter kvart koma ut store mengder sporar. Desse såkalla konidiesporane vil kunna spreiast over på nye område på trea når dei vert råka av regndråpar, men det forklarar ikkje korleis soppen spreier seg over større område.

Handel med planter er sjølvsagt ein stor trussel, men også i naturlege bestand der det ikkje er nyplanta tre har sjukdomen dukka opp. Det kan difor tenkjast at spreiing med insekt, fuglar, stormar (sporar i ørsmå vassdråpar kan verta førte med luftstraumar), flaumar (C. fraxinea er også påvist på røter på sjuke tre) eller anna kan førekoma.

Bekjempelse

Det viktigaste tiltaket her i landet er no grundig kontroll av asketre som vert importert til vidare dyrking. For å unngå vidare spreiing må ein ikkje flytta planter frå Østfold til område der asken står frisk. Det er all grunn til å tru at det ikkje berre er Østfold som er ramma på Austlandet, så ein må vera på vakt. Til dømes vart det ikkje observert skade på ask på ein rundtur i delar av Ryfylke og Jæren i byrjinga av mai 2008, så i slike område er det svært viktig at det ikkje kjem inn infisert plantemateriale.

På sikt vert det truleg svært viktig å finna fram til eventuelle asketre som er resistente mot sjukdomen. Sjølv om bruk av soppmiddel vil visa seg å vera effektivt, er det uaktuelt både i grøntanlegg og skog.

Litteratur

EPPO. 2007. (EPPO RS 2007/179). Chalara fraxinea. Ash dieback. http://www.eppo.org/QUARANTINE/Alert_List/fungi/Chalara_fraxinea.htm

Halmschlager, E. & Kirisits, T. 2008. First report of the ash dieback pathogen Chalara fraxinea on Fraxinus excelsior in Austria. New Disease Report.

http://www.bspp.org.uk/ndr/july2008/2008-25.asp

Kowalski, T. 2006. Chalara fraxinea sp. nov. associated with dieback of ash (Fraxinus excelsior) in Poland. Forest Pathology 36 (4): 264-270.

Schumacher J., Wulf, A. & Leonhard, S. 2007. Erster Nachweis von Chalara fraxinea T. Kowalski sp. nov. in Deutschland - ein Verursacher neuartiger Schäden an Eschen [First record of Chalara fraxinea T. Kowalski sp. nov. in Germany - a new agent of ash decline.] Nachrichtenblatt des Deutschen Pflanzenchutzdienstes 59 (6):121-123.

                    Oppdatert 27. april 2011

Bilder


Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Sporar av askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Askeskotsjuke (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO