NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.03.2024 18:53


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Ligusterbladflekk

Ligusterbladflekk

Cercospora ligustrina

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Talgø, V., Toppe, B. & Stensvand, A.
OPPDATERT:
Før november 2013

Hausten 2007 fann vi ligusterbladflekk  (Cercospora ligustrina syn. Thedgonia ligustri) på vanleg liguster (Ligustrum vulgare) på Gjennestad (Vestfold) og Ås (Akershus). I 2007 og 2008 undersøkte vi også ein del vinterliguster (Ligustrum ovalifolium) i Bergens- og Stavanger-området, men fann ikkje skade av soppen der.

  • Ligusterbladflekk (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
  • Ligusterbladflekk (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
  • Ligusterbladflekk (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
  • Liguster, friska blad og bær (Foto: V. Talgø, Bioforsk)

Symptom

Liguster har som regel friske, fine blad og bær (Figur 1), men ved angrep av ligusterbladflekk vert det sirkelrunde, gråbrune flekkar og hol på blada (Figur 2 og 3). Dei skadde partia er om lag ein cm i diameter og er omkransa av ein brunlilla, opphøgd kant (Figur 3). Det er langs denne kanten den visne (nekrotiske) delen av bladplata losnar og fell ut. Figur 4 syner ein hekk av vanleg liguster med sterke angrep av ligusterbladflekk.

Utbreiing

Ligusterbladflekk er svært vanleg i Europa og også i vårt naboland Danmark

(http://www.plante-doktor.dk/ligusterbladplet.htm ).

Bekjempelse

Fuktige tilhøve fremjar veksten av soppen. Ligusterhekkar er ofte svært tette og tørkar difor seint opp i bladverket etter vatning, nedbør og doggfall. Ved sterke angrep vert det frå Danmark tilrådd å skjera hekken kraftig for å få inn meir luft og lys, gjerne heilt ned. Nyveksten vil vera opnare og mindre utsett for soppangrep. Skjeringa bør skje tidleg om våren før veksten byrjar. Det infiserte materialet bør fjernast frå hagen eller dekkast godt til i ein kompostbinge. Infiserte planterestar i opne haugar utgjer ein smittefare fordi soppen spreier seg med sporar i lufta. Dersom ein skjer hekken heilt ned, kan det sterkt redusera smittepresset om ein dekkar med eit tynt lag torv eller jord før dei nye skota kjem opp. Soppen spreier seg ikkje gjennom jord. Soppmiddel kan vera effektive mot ligusterbladflekk, men er ikkje tilrådeleg å bruka i småhagar.

                     Oppdatert 27. april 2011

Bilder


Ligusterbladflekk (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)


Ligusterbladflekk (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)


Ligusterbladflekk (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Liguster, friska blad og bær (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO