NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.03.2024 09:45


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Stilksporesopp        Rustsopp        Vortemjølkrust

Vortemjølkrust

Melampsora euphorbiae

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Toppe, B., Gjærum, H. B., Talgø, V., Herrero, M. & Stensvand, A.
OPPDATERT:
5. mai 2017

Vortemjølkrust, Melampsora euphorbiae, vart hausten 2006 for første gong funnen i norsk julestjerneproduksjon. Soppen gir nekrotiske flekkar på oversida av blada og typiske gul-oransje rustflekkar på undersida. Vi har sett skade på opp til 13 blad på enkeltplanter, og også braktéane får angrep. Skadeomfanget er stort i enkelte gartneri. I julestjerne er sjukdomen frå før berre rapportert frå India, Tanzania og Mauritius. Soppen er difor ikkje tidlegare registrert i julestjerner verken i Europa eller Amerika.

  • Vortemelkrust (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
  • Vortemelkrust (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
  • Vortemelkrust (Foto: V. Talgø, Bioforsk)

Symptom

I september 2006 mottok Bioforsk Plantehelse på Ås ein prøve av julestjerne av sorten Cortez White, med lyse, nekrotiske flekkar omkransa av ein raud kant på oversida av blada (Figur 1) og gul-oransje rustflekkar på undersida (Figur 2). Årsaka til skaden var angrep av rustsoppen Melampsora euphorbiae (Schub.) Cast., med det norske namnet vortemjølkrust. I motsetnad til mange andre rustsoppar har ikkje vortemjølkrust vertskifte.

Soppen er påvist i mange julestjernesortar (Arctic White, Cortez White, Cortez Red, Infinity Red, Lilo, Malibu Red, Malibu White, Millennium, Prestige, Scandic og Sonora ). Størst skade er registrert i sorten Cortez White, der vortemjølkrust er funnen på alle plantene i enkelte hold. Skadeomfanget på enkeltplanter varierar frå nokre få rusthopar på undersida av eldre blad, til markert flekking på alle blada, også høgt oppe i planta. I fleirgreina vare er skade registrert på inntil 13 blad per plante. Angrepet har også nådd braktéane (Figur 3). Salsverdien vert sterkt redusert når dei nekrotiske flekkane kjem til syne på bladoversida. I andre sortar har skadeomfanget jamt over vore mindre. Vi har så langt ikkje grunnlag for å seia om variasjonen mellom sortar skuldast varierande motstandskraft, eller om sjukdomsutviklinga i andre sortar vil verta tilsvarande den i Cortez White over tid.

Skadeomfanget varierar frå gartneri til gartneri. Hjå nokre produsentar har angrepet stoppa opp utan bruk av kjemiske middel, medan andre opplever rask spreiing. Ulik luftråme i veksthusa kan truleg forklare noko av denne variasjonen.

Overleving og spreiing

Vortemjølkrust er kjent frå ulike delar av verda der han lever på ei rad Euphorbia-artar. I Noreg kjenner vi soppen frå fem artar av vortemjølk (i naturleg vegetasjon eller kultivert i park/hage). Rusten er ofte påvist i ugraset åkervortemjølk (Euphorbia helioscopia L.), og er kjent nord til og med Nord-Trøndelag på denne vertplanta. Så langt vi veit er vortemjølkrust berre rapportert tre gonger tidlegare i julestjerne (India, Tanzania og Mauritius).

Julestjerne er den største potteplantekulturen i Noreg, med ein årleg produksjon på om lag 6 millionar planter. Storparten av stiklingane er frå norske morplanter, men det er også ein del import. Så langt veit vi ikkje om rustsoppen har kome med importerte småplanter eller frå infisert vortemjølk i naturleg vegetasjon i nærleiken av gartneria.

Det er ikkje gjort nye funn av vortemjølkrust i julestjerneproduksjonen etter 2006.

Bekjempelse

Det viktigaste tiltaket for å redusera skaden av soppen er å halda den relative luftråmen så låg som mogleg, helst under 75 %. Høg luftråme og/eller fritt vatn på plantene gir gode tilhøve for infeksjon og sjukdomsutvikling. Vi har tilrådd å bruka soppmidla penkonazol (Topas 100 EC) og kresoksimmetyl (Candit) for å redusera skadeomfanget. Ved sprøyting seint i kulturen må ein prøva seg fram med sortane for å unngå skadar på braktéane. Sprøyt berre nokre få planter av kvar sort og vent deretter eit par dagar for å sjå resultatet før meir omfattande sprøyting vert sett i gang. Rask opptørking etter sprøyting vil vera gunstig. Dess lengre det tar før sprøytevæska tørkar, dess større er risikoen for skade.

Dersom veksthuset vert godt reingjort, og alle julestjerner (og eventuelt andre Euphorbia-artar) vert fjerna, er det liten risiko for at smitten skal kunna overleva i gartneriet til neste sesong.

Litteratur

Gjærum, H.B., Talgø, V., Toppe, B., Herrero, M.L. og Stensvand, A. 2007. First report of Melampsora euphorbiae on poinsettia (Euphorbia pulcherrima) in Norway. Plant Health Progress. Published 23 April 2007.

http://www.plantmanagementnetwork.org/pub/php/brief/2007/poinsettia/

                          Publisert 9. juni 2010

 

Bilder


Vortemelkrust (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Vortemelkrust (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)


Vortemelkrust (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO