Kultur ![]() | Skadegjører | Resultat |
|
Frisøk i listen over organismer Vis alle nyttedyr |
Utsjånad
Utbreiing
Vertplanter
Livssyklus
Symptom og skade
Spredning
Bekjemping
Samandrag
Epleviklar er eit viktig skadedyr på eple i år med varme somrar i deler av Noreg. Larvene til epleviklaren går inn til kjernehuset og et opp frøa. Når larvene går ut av frukta lagar dei ein stor, ekskrementfylt gang.
Utsjånad
Vaksen epleviklar: 10-12 mm lang og har eit vengespenn på 15-20 mm. Vengene er lyse grå med brune, bølga tverrband og ein mørkere brun flekk ytterst på forvengene.
Nyklekte larver er lyse og ca. 2 mm lange. Fullvaksne larver har ein lyserød kropp og eit mørkebrunt hode. Larvene har eit mørkt nakkeskjold bak hodet.
Utbreiing
Epleviklar er eit viktig skadedyr på eple i år med varme somrar i deler av Noreg: Sør- og Austlandet og eit lite område i Sogn.
Vertplanter
Eple
Livssyklus
Epleviklaren overvintrar som fullvaksne larver i barksprekker, under bark, mose eller lav på greiner og stamme. Larvene forpuppar seg tidleg på våren, og dei vaksne viklarane kjem fram i mai. Dei vaksne fyk inn i eplehagen, parar seg og legg egga sine på bladverket og på epla. Hoene skil ut eit kjønnsferomon som virkar tiltrekkjande på hannane. Epleviklaren har ein lang svermeperiode, ein finn vaksne møll frå juni til ut i august. Den svermar seint på ettermiddagen og temperaturen ved solnedgang må vere minst 15,6 ºC for at epleviklaren skal vere aktiv, men nyare studier frå Noreg viser at epleviklar kan vere aktiv ved lågare temperaturar her. På same måten som rognebærmøllarvene lever epleviklarlarvene mesteparten av livet inni eple, og har få naturlege fiendar som fugl, marihøner, gullauger, nebbteger osv. Virus, sopp, bakteriar og snylteveps som angrip egg eller unge larver er viktige naturlege fiendar for epleviklarlarver.
Symptom og skade
Symptom på frukta
Larvene til epleviklaren går inn til kjernehuset og et opp frøa. Når larvene går ut av frukta lagar dei ein stor, ekskrementfylt gang («kloakkgang»). Gangen ut er såleis våt, brei og gjerne stor, medan inngangsholet er lite.
Spredning
Oppdatert 23. januar 2009
Bekjemping
Varsling
Ved hjelp av feller med kjønnsferomon i eigen hage og varslingsprogrammet VIPS (http://www.vips-landbruk.no/) kan kvar enkelt finne ut av fare for angrep og tidspunkt for angrep. Ei felle per daa er stort sett nok for å finne om epleviklaren finst og for å vurdere om tiltak bør setjast inn. Det er ikkje utvikla skadeterskel for epleviklar i Noreg, men ein «synseterskel» ligg på 10-20 hannar per felle per varmperiode der temperaturen er over 14 ºC ved solnedgang. Feller kan tingast frå http://www.phero.net/ og www.pherobank.nl
Tiltak
Paringsforstyrring ved hjelp av feromoner er nytta mot vaksne i fleire land. Å fjerne skadde frukter før larvene går ut vil redusere bestanden av epleviklar. Då epleviklar overvintrar under laus bark kan bølgepapp rundt trestamma om hausten fange opp ein del av larvene. Ta ned og brenn bølgepappen om våren. Kjemiske tiltak mot larver må enten vere systemiske, ha lang verknadstid eller ha god djupneverknad då klekkeperioden er lang og larvene lever inni fruktene.
- Barkvikler
- Ertevikler
- Frostvikler
- Fruktskallvikler
- Grå furuskuddvikler
- Grå knoppvikler
- Grå rosevikler
- Liten fruktvikler
- Lærbrun bladvikler
- Mørkbrun bladvikler
- Plommevikler
- Rød furuskuddvikler
- Rød jordbærvikler
- Rød knoppvikler
- Roseknoppvikler
- Skyggevikler
- Spraglet kartvikler
- Stor fruktbladvikler
- Stor jordbærvikler
- Timoteivikler
- Vanlig jordbærvikler
- Vanlig kartvikler
![]() |
|||
![]() |
Om tjenesten | Mitt leksikon (0) |
Bestemmelsesnøkler |
![]() |
Om tjenesten | Mitt leksikon (0) |
Bestemmelsesnøkler |



